2012-reformi: Korleis bokmålshegemoniet vann fram 10 år sidan


-Lumi B.

Den 1. august 2022, markerte 10-års-jubileumet til nynorskreformi av 2012. Denne reformi var den fyrste i detta århundradet, og var au den fyrste reformi etter samnorsk-prosjektet var offisielt avslutta.

Sjølv um det aktive prosjektet um å bera nynorsken nærmare bokmål var yver, fylgjer Språkrådet bokmålet sitt døme når dei normerer. Alt skjer på bokmålske premiss. Sjølv um prosjektet er yver, er mykje skade dessutan allereie gjort. Folkemålet har vorti sabotert av dei sentraliserande kreftene til hovudstaden.

Nynorsken skal representere dei grunnleggjande fellestrekki i det norske folkemålet. Det er bygd på ei breidde grunntrekk frå heile landet. Idéen um å blande inn dansknorsk, og seinare riksmål og bokmål, har skapa ei rekke inkonsekvente system.

Ein kan lure på korfor eit språk skal verte normalisert på premisset til dei som lærer seg språket, framfor dei som nyttar det. Kva anna språk gjer ein noko sånt med? Korfor skal vi normere språket etter dei som lærer det, framfor dei som nyttar det? Dette er berre eit rart påfunn ein kunne gjort her til lands.

Tek ein språket frå kvarandre, murstein for murstein, kva skjer til slutt med grunnmuren?

Språkrådet har drivi og legi til og teki frå former på ord so longo landsmålet har vori ei offisiell greie. Dei har gjort ting både på premissi til dansk grammatikk, og seinare bymåli på Austlandet. Dei har i størst grad gjort detta utan mål og meining, men heller for å nå eit abstrakt mål um eit “samnorsk”. I kvar reform har dei vori ueinige med førre, og gjevi upp med nokre ting. Ambisjonane til samnorsken har aldri vori serleg spennande for nokon, utanom dei som driv på med normeringi.

Språk utviklar seg, detta er viktig. Men denne utviklingi gjekk ikkje på premissi våre, men politiske ynskje som eit fåtal folk innan Arbeidarpartiet og nokre akademikarar hadde. Detta er ikkje ei naturleg utvikling, men noko som staten har framtvungi. Det vart drive av urealistiske idéar, som i retrospekt aldri uansett leia nokon stad. Vi sit no att med rotet til nokon gamle gubbar, som har vori daude i fleire tiår.

Normeringar etter austnorsk skjer på bokmålske premiss, ikkje austnorske

Det er viktig at eit folkemål viser breidde og kan representere. Nynorsken skal representere dei ulike moderne norske måli. Det skal vise grunnlaget som ligg bak det norske målet, og skal ha ei breidde som viser detta.

Formålet med 2012-reformi, var å kvitte seg med all den forvirrande valfridommen, og å likestille hovudformene med klammeformene. Um dei uppnådde detta målet, er noko anna.

(Klammeformer, var ofte tradisjonelle former, som stod i uppslagsverk, men som ikkje var lov å bruke kommunalt, og i praksis aldri elles.)

Etter 2012, har mykje interessant vori lov, og sjølv um dei meiner dei har løyst ting, — sånn som for mykje forvirrande valfridom — har dei au skapa mykje meir valfridom på nokre punkt. Valfridommen millom det som er målføreleg, frå samnorsken eller tradisjon, som vart teken vare på eller fjerna, var ikkje det mest konsekvente. Nokon gonger stod att samnorsk, andre gonger tradisjon, og nokon gonger begge. Kor brukt det var, spelte mindre rolle enn dei personlege ynski til dei som tok avgjeringane yver denne reformi. Dei var ikkje so interesserte i fakta, og det skjer ein veldig fort um ein les rapportane deira på førehand før reformi.

Hjå å “ønske” kan ein ha 8 infinitivsbøyingar på: Ynska, ynske, ynskja, ynskje, ønska, ønske, ønskja og ønskje. Detta skulle altso forenkle og ikkje forvirre folk som har nynorsk som sidemål, men har leia til at ting vert arbitrært yverinklusivt. For denne handsamingi har dei ikkje eigentleg gjevi andre ord.

Greit nok at ein kan skrive ønske no, men detta er veldig tydeleg normert etter reglar frå bokmål. Korleis har det seg elles sånn at eg ikkje kan skrive bøgd og bøgge for bygd og bygge? Kløppe for kluppe/klippe? Trøgg og trøng for trygg og treng? Denne normeringi skjer i størst grad på bokmålet sine premiss, ikkje talemålet sine.

Det er sjølvsagt ikkje slik at alt frå samnorskprosjektet vart teke vare på etter reformi, og eg skal ikkje lata som at alt var einsidig i retning bokmål heller — Men det var det i alt for stor grad. Problemet er ikkje bokmål, men at bokmål fær meir vekt enn nynorsk skrifttradisjon, folk som har nynorsk som hovudmål, eller målføri.

På førehand av reformi, vart det laga ein rapport i 2011, som skulle grunne denne reformi som kom året etter. Metodane og konklusjonane som kom frå denne rapporten, må eg møte med skepsis. Dei yversåg mykje av det som ikkje stemte med konklusjonane deira, til eit punkt det var tydeleg at dei hadde gjort upp meiningane sine på førehand framfor å forhalde seg til statistikken. Dette gjorde at mykje som ikkje var i bruk, kom inn eller vart att, mens mykje som var i bruk, vart teke ut.

Lenge leve i-målet!

Det var ein del ting som forsvann frå nynorsken i 2012. Det viktigaste reint systemisk, var korleis ein gjer hokjønnsbøying og i-målet.

På mi dialekt, altso litt breiare bytrønderk, so bøyer eg hokjønnsord sterkt og svakt, som ein gjorde på nynorsk før 2012. Døme: Fleir greine, fleir hytta; Fleire greiner, fleire hyttor. Detta systemet forsvann, og ein fekk samanfall: Fleire greiner, fleire hytter. Detta nye systemet passar altso ikkje like godt med korleis eg pratar.

Her kan det vera verdt å notere at -or har tradisjon på trøndersk generelt. Ein må ikkje fara mange tiår attende for å høyre i fleirtal i bynære strøk, detta kan ein gjera i til dømes gamle Strinda kommune. I dag ser vi detta systemet mest på Midlandet og Vestlandet, og i distrikti rundt um i Trøndelag.

I-målet er au noko som har forsvunni frå normi. Detta er eigentleg ikkje berre eitt system, men faktisk to ulike, som vi ofte refererer til saman. Desse kjem i form av:

  • Supinum og partisipp, som ein har frå austlandsk og trøndersk, i til dømes: Vori, funni, fari, komi. Detta systemet i skriftmålet har vi fengi frå Arne Garborg, men det finst i ekstremt mange austnorske og trønderske dialekter.
  • Mønster frå Ivar Aasen, som viser i hovudsak skilje av tonefall og vokalskilje. Detta er ein forskjell som ein finn i ganske stor grad i vestnorsk og i midlandsmål. Til dømes: Den saki, alle landi, ei liti hytta.

Staten skulle aldri hatt makt over språket!

Når eg tenkjer meg godt um på alt detta, so er vel kanskje den meste logiske konklusjonen, at nynorskrørsla har hatt for mykje tillit i staten. Vi har godteki for lenge og i alt for stor grad, at staten skal taka avgjeringar yver korleis vi skal skrive, kva vi skal seia, og korleis vi skal seia det. Språk er makt, og den makti har vi i altfor stor grad gjevi til staten.

Sjølvsagt so har ikkje staten hatt makt til å avgjera korleis vi pratar verbalt, men normering på skrift, har både direkte og indirekte makt og påverknad på språket totalt. Når vi gjev dei makt til å skrive ordbøkene for oss, so er jo det eit større bilde av ting. Språk er sjølvsagt meir enn berre endingar og grammatikk, det er au definisjonsmakt ein finn hjå ordbøkene, og den impliserte maktdynamikken med mindre språk. Eit konkret døme på detta kan jo vera korleis Språkrådet har nekta oss kjønnsnøytrale pronomen i mange år. Makti til språk manifesterer seg på mange ulike vis.

Vi burde eigentleg ikkje måtte leva rundt rettskrivingsnemndene sine rare tankar og ideologiar. Vi burde taka makti vekk frå nemndene, og yver til folket. Tilliten vår til Språkrådet er feilplassert. Målrørsla sin respekt for autoriteten til Språkrådet yver nynorsk burde ende, um vi skal nå sann språkleg autonomi!


Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *