Appell fra Stonewall-markering 2023


Tekst: Lumi B.

Her er det som vart skrive for appellen som vart halden av meg under Stonewall-markeringa i 2023. Teksten er uredigert.

«Eg blir so provosert av kor mykje plass firma og politi har teke på pride. Og kor faens stovereint alt skal vera.

Dei bruker regnbogelogo og sponsing av pride som gratis reklame, for å verke progressive. Skeive vert som gratis reklame for både firma og parti under pride.

Og so må vi konstant gjera vårt beste for å passe inne i det fine biletet av pride, ikkje ver for seksuelle, ikkje bryt for mykje med kjønn, ikkje kos deg for mykje, eller so vert folk i kommentarfelt sure.

Folk i kommentarfelt vert uansett sure.

Eg kan dessutan minne folk at dei gjerne kan ha sin sterile heteroseksuelle avmarsj den 17. i mai.

Firma, politikarane og politi viser berre støtte kor det er medvind. Slik er det alt for ofte med skeiv kamp.

Vi må stå på i fleire tiår, for at staten skal sakte gjeva oss litt etter litt. Mens dei veivar og glisar i toga våre ein gong om året.

At dei skal gjeva oss tredje kjønnsalternativ. Desentralisere riksen. Forby diskriminering mot transfolk. Gjera prep tilgjengeleg.

Prep, som er noko som funkar effektivt for å førebyggje HIV-smitte, må ein stå på venteliste hos ein spesialist for å få. Nokre stader i landet kan dette ta fleire veker.

Det med trygg sex og prevantiv arbeid med HIV-smitte skal enno vera vanskeleg i 2023.

Det er ikkje tilfeldig at eg går med denne knappeskjorta i dag. Kunstnaren bak dette, Keith Haring, vart diagnotisert med AIDS i 1988, og døydde i 1990, berre 31 år gamal.

Mange frykta skeive på 80-talet, og ville ikkje ha noko med oss å gjera i heile tatt. Vestlege regjeringar gjorde svært lite for å stoppe døydd og smitte, nokre såg på det som ei straff frå Gud.

Ein heil generasjon av skeive er borte på grunn av denne horrible, religiøse moralismen av skeiv sex og HIV.

Og det er ikkje sånn at vi skal snakke om HIV og AIDS i fortidsform heller, AIDS påverkar millionar i dag i fleire land i globale sør. Og mange skeive er enno sårbare for HIV-smitte, som er grunnen til at prep er so jævlig viktig.

Men eg må vel berre seia det rett ut: Apatien, eller kanskje heller antipatien, mot dei som lever med HIV, er so sterk på grunn homofobi, transfobi, bifobi og rasisme.

Og det er denne antipatien som gjer at det er fyrst i 2023 at skeive vart “akseptable” nok til at ein skal vurdere å lata oss donere blod.

Men faktumet at dette enno er kontroversielt i dag, viser jo at ignoransen og foraktet mot oss som “skitne” enno ligger att frå 80-talet.

Skeivfobien står sterkt når det kjem til seksuell moralisme, men både skeivfobien og moralismen står sterkt blant politikarar i dag.

Det finst so mange politikarar som er mot eksistensen til ikkjebinære, mot helsetilboda våre, mot familieformene våre, mot at vi skal få gjeva blod.

Dei går i toga våre, som om dei ikkje er grunnen til at vi har pride frå starten av.

Som om det ikkje er politiet som arresterer oss eller politikarane som har nekta oss rettar, og enno gjer det i dag.

Som om det ikkje er firmaa som har diskriminert oss på arbeidsplassen, og gjer at vi treng diskrimineringsvern frå kollegaer, sjefar og tilsete vi møter på elles.

Og dei mainstreame aspekta av den skeive rørsla er ikkje so sterke på motmæle når det kjem til dei systemiske problema og ideologiane som møter skeive, ein må sjå til Skeivt Opprør eller Reclaim, og andre mindre organisasjonar,

for å sjå skikkeleg motmæle og prinsipiell kritikk av politiet eller politikarane, og dei underliggjande sosiale og økonomiske problema i samfunnet.

Dei står ikkje sterkt nok på det med at vi har eit faktisk folkemord mot skeive. At kolonialismen, patriarkatet og kapitalismen er det som drep skeive.

Pride kjennest ofte ut som ein stor reklamekampanje for lokale bankar og hotell, og ei fin sjanse for i praksis homofobiske og transfobiske parti som Sp, Krf eller Frp å drive valkamp, og ufarleggjera seg sjølv som hatpartia dei er.

Pride skal vera ein kamp, og sjølvsagt ein folkefest for skeive, og det skal skje på skeive sine premiss, men viktigast av alt er at det skal bli ein kamp.

Ein kamp for fest, for å elske, for å pule, for å ha den kroppen vi vil, for å leva godt som vi vil, i takt med naturen og kvarandre, ikkje for uendeleg profitt.

Ein kamp mot kolonialismen og patriarkatet; Ein kamp mot rosavasking og kapitalisme; Ein kamp for oss og ei betre verd.

Ein kamp for oss.

At vi skal verta so rare og snodige og perverse som vi vil.

At vi skal bryte med alle samfunnets konsept av venskap, forhald, seksualitet og uttrykk.

At vi skal leva utanfor kva staten anerkjenner, og at det er ofte staten som skapar fleirsidige problem.

Det at ikkjebinære vert nekta eige juridisk kjønn er eit problem.

Men juridisk kjønn og eit folkeregister som skal ha data om kjønna til folk er eit problem det au.

Dette er dessutan noko som fort kan verte misbrukt.

At Rikshospitalet skal ha monopoli på kjønnsgyldiggjerande behandling, men at vi i det heile tatt skal måtta bruke hormon og kirurgi for å møte minimal aksept i det heile er eit problem. Eg er meg, uavhengig av korleis folk ser på kroppen min.

At ekteskap og adopsjon har vore mindre tilgjengeleg for skeive, er au eit problem.

Men at staten skal ha noko med forhalda til folk å gjera i det heile teke, er jo eit problem i seg sjølv.

Kva familie er, kva eit forhald er, er noko personleg som ingen stat skal blande seg inn i.

Eg vil heller sjå til avviklinga av alt dette, enn at vi skal assimilere i den større cishetero norma,

med både kolonialistiske og patriarkalske strukturar. Vi kan ikkje sjå til problemet for løysninga.

Eg synest det er ekstremt viktig at vi sluttar å falle for fella av assimilering i det streite samfunnet.

Historia er opprør og revolusjon, å kaste murstein.

Historia er kink og lêr, og alt det som bryt med seksuelle normer.

Historia er kjønnsføkkeri, butches, ballkultur og drag.

Fyrste pridetoget vart leia av ei bifil polyamorøs kvinne.

Og alle queens, kinksters, bifile, polyamørose, kjønnføkkarar og lesber har vore der sidan starten.»


Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *