Avassimilering og fornorsking — Skogfinsk kultur, språk, flagg, namn og stadnamn


-Lumi B.

Mot slutten av august, tok eg meg ein tur ned til hovudstaden. Detta på invitasjon av Språkrådet, via Skogfinneforeiningi. Eit viktig punkt for meg som aktivist for nasjonale minoritetar og språkmangfaldet vi har her til lands.

På denne turen, og både før og etter, har eg gjort mange refleksjonar; Um språk, identitet, fornorsking, og alt imillom. Kor mykje av yvertrampen til staten, kan vi nedarbeide? Kor mykje av fornorskingi kan vi reversere? Kor mykje kan vi berge av kulturen vår? Er det håp i å prøve? Har vi ei framtid å gleda oss til?

Skogfinsk, skogfinnar, Finnskog og finnskog(ar)?

Eit kort blikk på alle desse ordi, for dei som kan lite eller ingenting om tematikken. Veldig få nordmenn veit um skogfinnar, og når dei kan noko, er det ofte berre historiske faktum, eller um dei kan litt meir, so er det ofte fordi dei bur i umrådi som skogfinnar historisk har budd i. Detta viste til og med studien um handlingar til nasjonale minoritetar.

Kva er ein skogfinne? Kven er skogfinnane? – Skogfinnar er ein av dei fem nasjonale minoritetane vi har i Noreg, og har vorti anerkjent som so sidan 1998, saman med dei andre nasjonale minoritetsgruppone. Det er ei gruppe som kan spore sitt upphav longo att til Savo/Savolax, som er i midten av dagens Finland. Nokre skogfinnar sporar au sine røter til Karelen, som er i grenseumrådet millom Finland og Russland.

Finnar i midten av Finland, har historisk vori serleg kjente for sitt svedjebruk. Altso praksisen av å brenne ned skog for å laga åkrar, serleg for korn, og då i hovudsak rug. Denne praksisen tok dei med seg. Rug er enno den dag i dag populært, både i finsk og skogfinsk mattradisjon.

På grunn av hungersnauden og dei mange økonomiske problemi som ein møtte på i Finland fleire hundrad år tilbake, måtte mange finnar flytte vestyver. Dei frå midten av Finland (i regionane Häme, Karjala og primært Savo), flytta i størst grad til sør i Sverige, mens dei frå nord, flytta i størst grad til det som i dag er Finnmark og Troms, via Tornedalen i Sverige (som er der tornedalingar og meänkieli-talarar bur enno den dag i dag). Fyrstnemnde gruppa vert kalla for skogfinnar, i både Noreg og Sverige, og sistnemnde vert kalla for kvener i Noreg.

Skogfinnane i Sverige flytta etterkvart yver til Noreg, i dei flatare strøki på Austlandet. Desse umrådi vert kalla for finnskogar. Mange tenker ofte på Elverum/Grue/Glåmdalen når ein seier “finnskog”. Grue Finnskog er nemleg der ein årleg arrangerer Republikken Finnskogen, ein festival som feirar skogfinsk kultur og historisk levemåte. Skogfinsk kultur og identitet lever altso sterkt der.

Det er au her, Svullrya i Grue, at mykje fokus vert sette når det kjem til museum og materiell kultur. Som eit artig lite faktum, kan ein få seg ulike typar skogfinsk mat på Joker’n der.

Men ikkje feiltak Finnskogen og skogfinsk som synonymt. Mange skogfinnar har sine røter der, men å vera skogfinsk er meir enn denne lokale tilknytingi, og det finst mange finnskogar rundtom aust i landet. Det er dessutan mange norske i Finnskogen som har sine røter frå norske bønder, og som hadde norsk kultur, språk og levemåte parallelt med skogfinnar gjennom århundradi, og som difor ikkje er skogfinnar sjølve.

Skogfinneforeiningi

Det er viktig å vera organisert, um ein skal krevja rettar, må ein vera mange. For å prata um denne saki, må ein au prata um organisasjonen bak. Skogfinneforeiningi har organisert mange skogfinnar, og har gjengi inn i samarbeid med fleire nasjonale og lokale aktørar. Skogfinneforeiningi har stadi ved fleire av dei større ambisjonane og prosjekti i skogfinske spørsmål, sånn som språk og flagg, og som organisasjon har sitt opphav i kampen og protestane for eit skogfinsk museum.

Revitalisering: Språk, reis dæ!

Skogfinneforeiningi gjorde eit vedtak um å revitalisere skogfinsk språk, og sendte uppfordring um detta til Språkrådet. Ein lingvist vart kontakta av ein skogfinsk aktivist. Denne lingvisten la fram fleire rutor um korleis ei revitalisering kan funke. I hovudsak, so er det to måtar ein kan ha eit språk, og fleire måtar ein kan revitalisere eit språk som eit kvardagsmål.

1: Skogfinsk som rituelt språk

Detta er den mest realistiske, og minst krevjande retningi å taka med eit skogfinsk mål. Eit rituelt skogfinsk språk, er litt som ting er i dag, so denne prosessen er allereie byrja på utan nokor hjelp frå utsida.

Rituelt språk vil segja at delar av språket vert mest brukt i samanheng rundt kultur eller ved stadnamn. Skogfinnar i dag, nyttar allereie finske og skogfinske ord i avgrensa, kulturelle samanheng. Detta um til dømes mat eller i musikk.

Det vert altso då ikkje eit medium for å kommunisere tankar, kjenslor eller idéar, men heller noko simpelt for å setja kulturell kontekst ved ting.

2: Skogfinsk som talespråk

For å nå eit skogfinsk talespråk, kan ein taka fleire retningar, gjerne då tre hovudretningar. Denne retningi vert den mest krevjande.

Desse ulike retningane vert:

  1. Å adaptere riksfinsk som skrift- og tale-mål.
  2. Å adaptere det moderne savomålet (Savo-/Savolax-dialekti).
  3. Å rekonstruere det gamle skogfinske språket, og taka lån frå moderne savomål eller riksfinsk når noko manglar.

Riksfinsk er kan hende det minst aktuelle som eit skogfinsk språk. Riksfinsk betyr altso det standardiserte språket som er offisielt i Finland, som vert tala i riksmedia og offentleg, og serleg av folk i byane og i Helsinki.

Detta er urealistisk, av di då fær ein lite å krevja frå staten, og det er veldig usannsynleg at ein vert teken på ålvor. Likevel, so er det viktig at skogfinnar skal få tilgang til riksfinsk um dei skulle ynske dette. Å få nytte finsk er like mykje skogfinnar sin rett som det er andre finnar og norskfinnar.

Å adaptere savomålet er kanskje mogleg, men ikkje noko eg har gjort upp for mange tankar um. Mykje gjeng att frå førre punkt.

Rekonstruksjonen av det gamle skogfinske språket: Detta kan vera det luraste. Av å sikte høgt, so kan ein fort uppnå meir og verte teken meir på ålvor av staten.

Det er au det mest sogelege, av di då vert det eit finsk språk som er unikt for skogfinnane. Detta er vel au det ein oftast legger i ei revitalisering av eit språk. Det skogfinske språket er dessutan godt dokumentert, men manglar berre kunnige som kan gjera ressursane tilgjengelege for folk som ikkje kan finsk.

Skogfinsk er nemleg godt dokumentert, men nesten alle kjeldor finst berre på finsk, so arbeidet um å standardisere, krev derfor ei større innsamling av detta materialet, som ligg i stor grad i Finland i dag.

Slektsnamn og fornamn — Namn er identitet. Namn er makt.

Den gjeldande lovi um personnamn stend i vegen for at skogfinnar kan taka att slektsnamni sine. Den norske lovi um namn er nemleg ganske streng, og gjer det slik at mange folk som fekk namni sine fornorska, ikkje fær taka att familienamni sine. Detta aspektet av fornorskinga kan ein fyrst reversere når den norske staten tillet det. Denne lovi er eit godt døme av at fornorskinga enno lever.

Stadnamn — Skogfinnars namn er grovt fornorska

Per dags dato, er ikkje skogfinske stadnamn verna som separate. Dei vert registrerte som norske, og fylger norsk stavemåte. Slik er det ikkje med stadnamna til samar og dei andre nasjonal minoritetane.

Detta ville eg kalla for absurd og kompliserande. Korleis skal vi veta kva som er kva?

Saki um stadnamn har vori uppgåva til Kartverket. Språkrådet har tidlegare utlysa fleire stadnamn på skogfinsk, og har komi med ynske til Kartverket um å ha dei separate frå norske namn.

Det kjem til å verte longo prosess å finne ut kva som er finsk og kva som er norsk, men alle involverte håper at det vert ordna upp. Det verkar som at Språkrådet påtek seg noko ansvar for at detta skal skje.

Kampen um skogfinsk museum

Ein kan ikkje taka upp skogfinske kampsaker, utan å nemne det skogfinske museumet. Detta er saki som den nye skogfinske rørsla i stor grad er bygd på!

Draumen og kampen om eit skogfinsk museum har vori lang. Staten har lenge tråkka på skogfinnar, og vori gjerrige um å gjeva peng og ressursar til prosjektet. Folk har måtte protestert i mange år for å få nokon reaksjon for noko som helst.

Det er verdt å notere seg: Det skogfinske museumet er meint som eit prosjekt for skogfinnane. Det er ikkje eit museum for Finnskogen, som nokre trur, men eit museum for skogfinnar som minoritet; som dessutan er ei gruppe som bur yver heile landet. Um det vert noko av museumet, kan berre framtidi fortelja.

Norsk Målungdom og språkmangfaldet — Ein ny front å presse på

Målungdommen kjem ofte med radikale forslag um språk og immateriell kulturarv, og kjem ofte med banebrytande politkk. Dei legg au ofte mykje press på Mållaget, som har stor medlemsbase og mange ressursar, i tillegg til å ha mange ressursar sjølve. I dei siste åri, har Målungdommen vori store forkjemparar for minoritetsspråki, men eitt tema som har vorti gløymt fram til no, er dei skogfinske språkspørsmåli, som inkluderer sjølvsagt rituelt språk, revitalisering, stadnamn og slektnamn.

Eit eige flagg for alle skogfinnar

Eit ynskje um eit eige flagg har lenge vori noko skogfinnar har hatt. Kvener har sitt prideflagg, og samane har hatt sitt flagg enno lengre.

Representantar frå fleire ulike institusjonar og organisasjonar er representerte i kommiteen for å finne eit skogfinsk flagg. Når flagget kjem ut, er ukjent, men vil verte prata om i Bråkmaker’n av meg neste aktuelle høve.

Det er verdt å notere her at det finst ei myte um detta temaet. Flagget som mange tenkjer er “skogfinneflagget”, er faktisk flagget til kulturfestivalen Republikken Finnskogen. Detta flagget har ingen symbolikk som er aktuell for skogfinnar, og var aldri meint som eit flagg for minoriteten eller meir enn berre den eine festivalen. Dessutan minner flagget sterkt um vinlandsflagget, som er nytta/appropriert av nazistar, serleg i nord-austlege delar av Canada. Detta gjer at mange fær ein negativ assosiasjon med flagget uansett.

Kampane er mange

Som dokker kan sjå, er det mange saker som er viktige å taka upp. Skogfinnar er ikkje ei utdøydd gruppe, men ei gruppe folk med mange nye og aktuelle kampsaker, som vi må stande saman um, og organisere oss for!

,

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *