-Lumi B
I Bråkmakern, ser eg alltid etter ein grunn å koma med litt språknerderi, når eg kjenner på inspirasjonen for eit artig tema, må eg no sjølvsagt gripe sjansen. Eg må stille spørsmål som kanskje ingen har stilt, eller kanskje eingong lurer på, av all slags språknerderi eg kan finne på.
Ofte gjeng dette ut på at eg lurer litt språknerderi inn om skeiv tematikk, som eg har gjort i både Skeivt Opprør vol. 1 og 2! Då vert det oftast om pronomen, eller korleis vi skal handsame grammatisk kjønn i forhald til ikkjebinære. Det vert om kjønn. Eg gjeng ikkje ofte inn på det direkte seksuelle, eller kink, som eg kanskje bør gjera oftare. Sex-positivitet er jo noko eg synest er viktig, og fleire av tekstene mine burde reflektere dette direkte.
Denne gongen ville eg stille spørsmålet: Korleis ville Ivar Aasen ha omsett CBT til norsk?
… Over til språknerde-delen
Frå gamalt av, har vi eit godt ord på norsk for testikkel, nemleg eiste. Dette ordet har tradisjonelt fylgt same bøyingsmønster som eit auga, hjarta og øyra, altso med fleirtalsformer med -o (når ein set fleire/alle føre eit ord). Dette inneber at ein seier eitt eista, men fleire/begge eisto.
Eit ord i denne rekka, auga, har i tillegg ei interessant form i samansetjingar. Ein kan til dømes skrive augneblikk eller augnefarge. Altso ting som har med augo å gjera heiter augne-. Ivar Aasen nemnde -ne og -na for opp til fleire av desse svake inkjekjønnsorda, men hadde lite å seia om ordet eista, kan hende han var litt flau om skrive ned, eller flau om å spørja folk. Litt sjenert rett og slett.
Ordet eiste har dessverre ikkje desse interessante eigenskapane ved seg som auga har. Men det er jo ikkje artig, i alle fall ikkje for det språknerdete hjarta mitt! Eg synest vi burde taka inn att denne måten å gjera ting på ved dette ordet! Eit eista, det eista, fleire eisto, og alle eisto! – Som dessutan er den tradisjonelle måten å bøye substantivet fram til nyleg – Og sjølvsagt klassikaren eistne- i samansetjingar! Her må vi gange heile vegen!
Om ikkje ein ikkje vågar å gange heile vegen so kan eg akseptere eiste-.
Aasen hadde ikkje so mykje å seia om ordet kuk i Norsk Ordbog (1873), men han hadde litt å seia om pikk. Då kan vi nok tru at han kanskje føretrekte ordet pikk, men vi treng ikkje naudsynt å meine noko for sterkt om dette. Kva du vil seia, er jo fult opp til din. Vi har inkje mot kuk her til hus!
Med all den informasjonen, må vi setja det saman. Då kan vi gange på uttrykket dokker har venta på: CBT. Her stend det for cock and ball torture, altso eit aspekt av BDSM/kink der ein pinar pikk (penis) og/eller eisto (testiklar). Vi må taka i bruk det eg har nemnd til sitt fullaste.
Om ein då vil ha meir norske ord for tortur, kan eg koma med to forslag som vi har frå norrønt, i staden for det nyare lånte ordet tortur; Vi kan jo seia anten pining eller plaging (Aasen ville nok ha skrivi å plåga framfor å plage), som oftast er det CBT faktisk inneber. Her skulle vi kanskje ha funni eit ord som kan uttrykke glede i smerte. Men sånn eit ord kjem eg ikkje i hug. Der ber eg gjerne publikum om å koma med forslag!
Med alt dette i tankane, kan ein jo då gjerne lande på noko meir artig, språknerdete og sernorsk, utan å låne alt for mykje frå engelsk, med litt gamaldagse former som er nemnde, ved å då gange for pikk- og eistnepining! So korfor ikkje prøve å seia dette, neste gong du skal kose deg med litt pikk- og eistnepining? Gjer Aasen sjenert! Plag nokre eisto i språknerderiet sitt namn!