-Lumi B
Det har vori mykje trøbbel i det siste med Twitter. Denne gongen har ikkje folk berre akseptert dette og fortsette som vanleg, men gjengi heilt over til å droppe Twitter. Her har mange funni sin plass på Mastodon og “the fediverse”.
— Kva er Mastodon? Fødivers? Allheimen?
Det er masse rundt dette med desentralisert nett, og sjølvsagt au ganske mykje teknisk ein kan gjera for å forklara korleis alt dette funkar. Det treng eg ikkje å gange inn på. Eg er ikkje ein veldig teknisk person, so eg ser på Mastodon frå eit anna perspektiv enn mange av dei meir tech-orienterte som har vori dei mest aktive der fram til nyleg.
Ønsker du å lære om veldig spesifike ting ved Mastodon og allheimen, so stend det mykje informasjon å finne på nettsida fedi.tips og eventuelt brukaren @feditips@mstdn.social. Vi har alle vori nye til noko på eit punkt!
— Eit alternativ for deg som er lei av monopolisering, sentralisering av makt og å verte utnytta
Mastodon er eit alternativ for dei som er lei av mangelen på kontroll i sosiale media. Det er ei mikrobloggingsside, sånn som Twitter eller Tumblr, der folk kan dele det dei har å seia. Det er au ei plattform der ein kan dele bilde, lenkor og video, akkurat som Twitter.
Fødiverset/Allheimen — Meir enn Mastodon
Sjølv om Mastodon er det mest populære aspektet ved desentralisert og føderert sosiale media, so er det mange sidor og tenastar ein kan nytte.
Pixelfed vert ein slags avløysar for Metas Instagram, der ein kan dele bilde. Peertube kan ein dele videoar på, og er ein grei avløysar for Googles YouTube. BookWyrm vert fort eit viabelt alternativ til Amazons Goodreads, her har eg lagt til mange norske bøker sjølv!
Det fine med alt dette, er at ting er reklamefritt, og utan algorytmar som bestemmer kva du skal konsumere. Du vert heller ikkje behandla som produktet.
Doomscrolling, algorytmar & kranglekultur
Eit stort problem med sosiale media i dag, er at nettsidone er laga for å lure oss til å tilbringe tid der. Ein vert tvungen inn i å vera miserabel, der algorytmane viser oss ting som gjer oss sinte, frustrerte og lei oss.
Dette har skapa ein kranglekultur på nett. Twitter viser oss ting som gjer oss sint, for det er ting som gjer deg sint som skapar mest interaksjon, og som gjer at du tilbringer mest tid på ei side. Er du sint, kranglar du meir, og so ser du fleire reklamar. Dette er i essensen modellen til gigantane som Twitter og Facebook.
Med Mastodon, so kjem ein unna dette. Du ser berre det du følger, anten det er brukarar eller emneknaggar. Du fær ikkje pressa på deg ting du ikkje spurte om. Du ser berre det folk du har følgt skriv eller har delt. Du ser ikkje fult av tilfeldige ting du aldri bad om, som ein gjer på Twitter, Instagram og Facebook, og du fær faktisk sjå alt frå dei du følger.
Ingenting vert skjult frå deg. Tidslinja er i den rekkefølga av når folk legg ut ting, ikkje kva Mastodon trur du hadde likt best, slik som ein ser når algorytmane tek over.
Dette ser ein i det ekstreme på Instagram, der du nesten aldri fær sjå dei tingi som venene dine legg ut.
Deføderering — Stopping av reaksjonær og kapitalistisk innflytning
Men ingenting er perfekt. Å ha det slik at fascistiske makter ikkje veks fram, må vi i fellesskap passe på. På Mastodon gjer ein dette, ved at ein “instans” deføderer instansar som tillet hatefull retorikk. Dette er ei form for boikott, der ein kuttar vekk innhaldet frå heile tenarar eller enkeltindivid.
Det er au ein praksis å deføderere instansar som driv med reklame og har firma, eventuelt kjendisar. Dette for å sikre at vi ikkje vert behandla som produkt, og for å avgrense reklame-kulturen som ein ser på nett.
Fribygda.no — Fridomleg
Det som gjer Mastodon unikt, er at det er desentralisert. Dette betyr at du vel sjølv kven du vil skal moderere, og du fær då au tilgang til ei lokal tidslinje som er unikt for instansen din. Dette er særleg nyttig for deg som har lyst å interaktere med folk med felles idear, identitet eller språk som deg.
Det finst mange instansar som er retta mot skeive eller mot anarkistar, og so har ein au fleire retta mot dei som primært legg ut på norsk. Eit godt og viabelt alternativ der er Fribygda.no. På fribygda har ein høve til å ha ei tidslinje med anarkistar og venstreradikale, der flestale skriv norsk, og ganske mange er skeive eller nevroatypiske. Det er ein plass å verte inkludert.
Modereringi der er mykje meir opi enn ho er på dei fleste andre instansar. Val vert tekne med fellesskapet, og målet er å unngange dei autoritære tendensane som mykje moderering gjeng ut på.
Meir om fribygda kan ein lesa om på fribygda.no/about