Endeleg eit skogfinsk flagg


-Limi B.

Rett før nyåret, fekk det skogfinske folket endeleg eit flagg!

Viktig å presisere: Dette er alle skogfinnar sitt flagg!

Fram til no, er det mange som har trudd at skogfinnar har eit flagg. Flagget til Republikken Finnskogen. Dette er faktisk feil, di flagget er eit flagg for eit spesifikt kulturarrangement som tilhøyrer ein organisasjon.

Men den tida er over!

Flagget til skogfinnane tilhøyrer ikkje eitt arrangement, er ikkje eit flagg for Finnskogen, og er heller ikkje ått av nokon organisasjon.

Flagget tilhøyrer alle skogfinnar, uavhengig av land eller geografi, uavhengig av organisasjon! Det funkar til alle høve! Endeleg med flagg på plass, kan ein vera synleg som skogfinne, og kan meir synleg feire. Her har vi høve til å gjera skogfinnedagen skikkeleg, med både tog og som flaggdag!

Lit & symbolikk

Litvalet og symbolikken er ikkje tilfeldig, her er kva flagget stend for:

Det grøne viser kor viktig skogen er for skogfinnane, serleg mtp svedjebrukskulturen.

Det raude stend for eld og det heilage treet rogn. Ein lit som saman med svart au finst i flagga til Savolaks og Tavastland, områda i Finland der skogfinnar originalt kjem frå.

Det gule stend for svedjerugen.

Det svarte stend for sotet i svedjinga, røykstugune og røykbadstuga sine sotute veggjer. Det svarte symbolet er eit gamalt teikn for grøderikdom, eit jonisk teikn som minner tydeleg um den vakre kunte.


Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *