-Lumi
Ikkjebinær eksklusjon på udemokratisk basis.
Det har vori mykje drama og diskusjon rundt ei vedtektsendring for 8. mars-komiteen
i Oslo.
Dette særleg rundt informasjonsflyten og kor ekskluderande sjølve forslaget er.
Åttende mars i Oslo har ei lang historie med eksklusjon av transkvinner, transfeminine og
ikkjebinære, og det verkar som dette ikkje er over.
For nokre år sidan fekk transkvinner voteringsrett, og det same gjeld ikkjebinære
generelt sett. Dette vart vinkla som at alle ikkje-menn fekk voteringsrett. Ordlyden
har endra seg litt her og der.
Ein kan gjerne stille eit spørsmål her om overinklusivitet eller å setja menn som
norma, men det udemokratiske ved vedtektsendringane, gjer debatt om eksklusjon
og overinklusivitet nokso umogleg. Korleis skal ein ha debatt om eit tema ein ikkje er
informert om?
Vi kan ikkje ha demokratiske prosessar og skikkeleg debatt om kjønn og
kjønnsdynamikk, når informasjon om vedtektene og møta vert for dårleg informert
om. Dei har nemleg ikkje varsla skikkeleg om verken møte eller at det skal voterast
over vedtektsendringar, på nettsider og sosiale media.
Mykje av informasjonen om praksisen til 8. mars-komiteen, har berre vorten avdekka
i interne grupper på Facebook, sjølv om eksklusjonstema har fengi merksemd i
media no.
At dei gjer det so vanskeleg som mogleg å få votere over saka, å møte opp på
møtet, og få med seg at ein kan votere over det, er nokso alvorleg i seriøs
organisatorisk arbeid. Når ein komite bryt med demokratiske prinsippa som
organisasjonar eigentleg skal ha, so vil dette setja feministrørsla i Oslo i enno
dårlegare lys.
Komiteen har havt som praksis å taka opp saker på mailinglista og møta, men dette
kan verke som ganske uinklusivt under pandemien, å gjera informasjon på nett lite
tilgjengeleg. Nettsidene og Facebook har i praksis vorti for mobilisering og
informasjon om parolemøta.
Korleis alt dette har vorti gjort, sett altso eit scenelys på praksisen til 8. mars-
komiteen, som allereie har mykje kritikkverdig ved seg.
Ottar og Kvinnefrontens snevre syn på kjønnsfrigjering
Men la oss taka opp vedtaket det er snakk om. Mange i denne greina av
feministrørsla har no teke til mæle, om at eksklusjonen av ikkjebinære og andre
kjønnsminoritetar er rettferdiggjort.
Dette poengterer dei ved at det finst mange dagar for andre grupper å feire og bringe
fram si sak. Det er sant at det finst mange dagar, men denne dagen vert brukt for å
bringe fram mange saker om kjønnsfrigjering og motstand til patriarkatet.
Eitt problem med å berre gjera det til noko snevert, er at då ser ein kvinnefrigjering i
isolasjon. Ein anerkjenner ikkje heile bildet av det som utgjer kjønna undertrykking,
og korleis det overlappar med andre former for undertrykking.
At undertrykking kan overlappe, klarer denne rørsla fint å anerkjenne elles, når dei
tek opp temaet om kvinner rundt i verda, funksjonshemma kvinner, kvinner i
arbeidslivet, med meir.
Dei klarer altso elles å sjå at kjønna undertrykking ikkje skjer i isolasjon, men det
kjem plutseleg ein kognitiv dissonans om kjønnsundertrykking når det gjeld andre
grupper enn kvinner, eller grupper av kvinner som desse organisasjonane ser ned
på.
Trakassering av transkvinner og sexarbeidarar
At det er mykje groms med haldningar, kommunikasjon og den demokratiske
prosessen med 8. mars i Oslo, er ikkje noko nytt.
Mange av desse folka, som ofte er aktive i Ottar og Kvinnefronten, har historie med
transfobi og antagonisering mot sexarbeidarar. Dei fær inn ofte snevre ting om sex
og seksualitet. Ofte med moralistisk basis.
Dette er ikkje berre noko som kjem fram med komitemøta, men 8. mars-komiteen
har historie med å rett ut kaste ut folk frå toget, og har mange år tvungi sexarbeidar
bakerst i toget. Ofte opplever au aktivistar trakassering frå radikalfeministar.
Ein kan vera utrygg i toget for å meine at sexarbeidarar fortener menneskerettar. I
fleire år har radikalfeministar angripi og rivi opp plakatar og banner til forkjemparar
for sexarbeidarrettar, og til og med brukt politimakt for å truge og trakassere PION og
støttespelarar.
Når du har dette i tankane, er det tydeleg at ein har meir grunn til å vera skeptisk til
retorikken og handlingane til komiteen.
Det er ikkje tilfeldig at dei jobbar for å ekskludere folk, for dette er ein essensiel del
av ideologien deira. Om dette må skje udemokratisk, so skjer det so.
Difor oppfordrar eg alle ikkjebinære, transfolk og transinklusive feministar til å taka til
mæle, og engasjere seg i 8. mars-arbeid der dei er. Ein kan alltid risikere at det fær
fotfeste i Trondheim, og då burde ein stille for å sørge at ting som dette ikkje skjer
med 8. mars i Trondheim.