Gårsdagens framtidStar Trek og framtida som aldri kom


Tekst og illustrasjon: Stygg Liten Aardvark

«Space, the final frontier.  These are the voyages of the starship Enterprise …

… to boldly go where no one has gone before»

Slik lyd introen til Star Trek: The Next Generation (1987 – 1993). Betre og meir kjønnsnøytralt enn originalseriens (1966 – 1969) «… where no man has gone before», men det er ikkje poenget her.

Star Trek er historia om menneskeslekta si framferd i det ytre rom, i oppdrag for å utforske og lære, og for å kontakte og bygge bruer til andre sivilisasjonar.

Utfordringane er mange, kultursjokk og diplomat i møte med andre intelligente romvesen er eit gjennomgåande tema i ST. Frå dei kalkulerande, (tilsynelatande) kjenslelause vulcanerne, som baserer sin kultur rundt kald logikk, til krigerske,klingonar, drevet av ære og med ein stor kjærleik for opera («… but not as we know it»).  Kvar ein art har sine særpreg, men det dei alle har til felles er at dei ofte dessverre framstillast som ganske eindimensjonale. Dei har eit motiv, ein type personlegdom, ein måte å gjere ting på.

Menneska blir på den andre sida ofte framstilt som meir balanserte. Tidvis utspekulerte, men aldri så slu og bedragerske som romulanerane. Dumdristige, men aldri like impulsive og med så stort temperament som andorianerne. Ein god blanding, ein gylden middelveg om du vil. Dette er ein problematisk vinkling, da andre artar blir brukt for å eksemplifisere enkelte trekk i menneske, og ikkje får vist seg som nokre eige. Men kva kan ein forvente når Old Trek stort sett var skrevet av streite kvite menn og ikkje blå kjønnslause romvesen.

.


Spinoff-serien Deep Space Nine (1993 – 1999) gjør ein god jobb med å rette opp dette. Her spiller heile fire skodespelarar i hovud-besetninga forskjellige romvesen (pluss mange tilbakevendande karakterar), og ein får eit djupare og meir nyansert innblikk i kulturen og motivasjonen til kvar og ein av dei. Disse aliensane virker ikkje så alien lengre. Og for ein gongs skuld er det ikkje alltid det menneskelege synspunktet som trumfar fram til slutt, sjølv om (Spoiler alert ut avsnittet) den menneskelege hovudkarakteren viser seg å vere ein halvgud, planlagt lenge før sin fødsel, og med ein skjebne bestemt forut.

Den meir moderne ST-serien Discovery (2017 -) fortsett i dette sporet, der fleire av hovudrollene-karakterane er ikkje-mennesker. Eit friskt pust, og eit fortsett skritt i riktig retning for eit serie-univers som er mest kjent for sine progressive haldningar.

Spinoffen Enterprise (2001 – 2005), den kronologisk første i ST-universet, handlar om ein menneskeslekt som nyleg har reisa seg igjen etter nesten å ha utsletta seg sjølv i ein  verdsomspennande krig. I ettermælet har det blitt danna ein global koalisjon (sjølvsagt med hovudstad i USA… ), og no tek den sine første steg ut av solsystemet. I serien som er sett til midten av det 22. hundreår, kan ein trekke parallellar til vår eigen verden. Vi står for augeblinken ikkje i nokon global krig, men har ein anna trussel hengande over oss i form av klimakrisa. Dei øydeleggingane vi ser no i dag, med skogbrannar og andre naturkatastrofar, samt morgondagens ressursmangel i form inntørka vasskjelder og døande avlingar kan godt vere det som utslettar oss menneske. Viss ikkje er nok ikkje krigshissarane vanskelege å be i sin iver etter å beskytte sine eigne, og erobre andres ressursar.

Nokre av oss vil kanskje overleve, men om vi får til, eller i det heile ønskjer å danne eit globalt samarbeid etterpå, har eg mine tvil om. Så kan vi sitte rundt leirbålet om kvelden, etter klimakrigane, og fortelje våre barn om kor godtruande og naive vi var, og om framtida som aldri kom.


Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *