– Amelia
Illustrasjon:Slaps
(TW: kroppsvisitering, overgrep)
Det gjer den iallefall på Det Norske Teateret i Oslo, der Equinor den 29. november hadde konferanse og høstfest. Til stade var også Statsminister Jonas Gahr Støre. Utafor lokalet demonstrerte aktivistgruppa Extinction Rebellion. 15 aktivistar var til stede, der fleire satt seg ned foran hovudinngangen, nokon haldt opp banner, og atter andre satt seg ned i vegen og hindra statsministerens bil å komme fram.
Politiet dukka raskt opp, og begynte å arrestere demonstrantane knappe ti minuttar etter at aksjonen starta. Sjølve arrestasjonene var i overkant brutale, spesielt for fredelig sivil ulydighet. Ein demonstrant som satt foran teateret blei slengt i bakken av fire betjenter, ein annan blei liggande med kne mot nakken, med hovudet på kantsteinen.
Politiet har dei siste par åra brukt stadig meir brutale metodar mot klimaaktivistar. I tillegg til større og større bøter, er det også snakk om utenomrettslig praksis. I April i år blei kroppsvisitering brukt som avstraffing for XR-medlemmar, som satt i arresten etter ein aksjon i Tøsberg. Det samme skjedde med medlemmar av Stopp Oljeletinga i juni, etter ein aksjon i Trondheim.
Ein av aksjonistane hadde vore utsatt for overgrep, og sa tydelig fra på forhånd om at visiteringa ville vere triggende, men det va visst ingen unnskylding. Saken blei blåst oppi nasjonale medier, og både Tønsberg- og Trondheimspolitiet har blitt etterforska av Spesialenheten for politiskaker, uten at det har ført til konsekvenser for dem.
Stasjonsjef ved Tønsberg politistasjon, Øystein Holt, begrunna ovenfor NRK visiteringa med at «noen av dem hadde en historikk», og brukte personvern som årsak til å ikkje utdype meir.
Tilbake på Teateret fortsatte oljefesten. I januar i år godkjente Olje-og energidepartementet 53 nye oljelisenser, så ministeren og Equinor-pampane hadde mykje å feire.