Vedkomande — Det originale kjønnsnøytrale pronomenet?


Tekst: Lumi B

Det hev vori mykje fokus dei siste åri på pronomenet hen. Kjønnsnøytrale personelege pronomen er noko svert viktig, og ikkje noko som nett uppstod.

Yvi eitt år med hen i ordbøkene

Fyr litt yvi eit år attende, kom hen endeleg inn i ordboki. Dette gjorde veldig mange hatgruppor og enkelte individ misnøgde, at Språkrådet kunde på noko vis vyrde at ikkjebinære finst. Ikkje berre det, men ord som ikkje-binær er endeleg inn. Vi hev altso vyrde og medvind i seglet vårt! Skeivt språk vert endeleg teki inn.

Kva med hin?

Pronomenet hin hev ogso si sogu i det skeive miljøet i Norig. I ein lengre periode var det fleire som ynskte at dette vart det kjønnsnøytrale pronomenet. Eg stend enno fyr dette fine alternativet, og meiner personleg at det er eigna som eit godt alternativ til dei og hen. Eg vil trass alt segja at hin er mitt fyretrukne pronomen! Hin tapar uansett til dei og hen, som berre er eit faktum.

Dei som kjønnsnøytralt pronomen

Pronomenet dei (eller de og dæm som vi oftast ser her i kvardagen.) hev ogso vorti populært som eit kjønnsnøytralt pronomen blant ikkjebinære, med ei tydeleg påverknad frå engelsk they/them.

Her er det verdt å påpeike at dei allereide er eit kjønnsnøytralt pronomen på norsk. Det same pronomenet er ikkje det på grannemåli våre, færøysk og islandsk, kor det ekvivalente til dei er kjønna. Det artige i heilo, er jo at engelsk they er låna frå norrønt þeir. Altso, so hadde det vori ingen engelsk they/them utan norrøn þeir/þeim!

Norsk er nokso kjønnslaust

Dei fleste pronomen er faktisk allereide kjønnsnøytrale på norsk. Noko anna kann vi ikkje lata som. Eg og du klarer vi jo heilt fint å ikkje kjønne, mens dette ikkje er tilhøvet i alle språk (som til dømes arabisk). Han og ho er jo i grunn dei einaste kjønna aspekti av skriftmåli våre. Vi ser lite anna kjønna på norsk, utanom ein/ei eller liten/lita, og substantiv som mann eller son,og kvinne, dotter, eller konu.

No yvi til vedkomande

Vedkomande er kann hende ikkje å rekne som eit personleg pronomen, men det hev lengi vorti nytta slik vi gjer hen. Hen vert ofte nytta, anten når kjønnet til vedkomande er irrelevant, eller når kjønnet til vedkomande er ukjent.

Og det er helder ikkje like abstrakt som ein (en/man) eller den, som ogso er pronomen som er nytta fyr enkeltpersonar. Vedkomande referer nesten alltid til éin person, og ofte då eit konkret menneske, nett som hen. Den openbare fyrdeilen som hen hev, er jo at det er éi staving, i motsetjing til vedkomande.

Vedkomande er eit veldig langt ord. Med dette, gjev det jo meining å segja at vedkomande er kann hende ueigna i rollone som hen, dei og hin hev fengi. Men det er heller ikkje poenget mitt her. Poenget er at kjønnsnøytralitet i tridje person inkje er noko nytt. Folk hev jo klart seg med å segja vedkomande på kjønnsnøytralt vis heile tidi!

Tenk på dette neste gong nokon syt om hen! Minn vedkomande på at vi allereide hev nytta eit kjønnsnøytralt pronomen på norsk: Vedkomande!